Husker du at jeg for en stund tilbake skrev at jeg skulle skrive nynorskstil? Jeg fikk karakteren 5. Fornøyd med det :) Her er i hvert fall resultatet: en tekst om framtida mi:
Det er ikkje lett som 15-16 åring å måtte velje hvilken skole man vil gå på, og hvilken retning man vil ta. Det er eit vanskeleg val. Eit val som kan påverke framtida. Kanskje resten av livet, kven veit? Det er eit val du må ta aleine. Ingen andre skal presse deg til å velje noko du ikkje har lyst til. Men blir man ikkje påverka uansett? Kva vennane vel, kva foreldra valde, og det dei rådar deg til. Kanskje er det ikkje det rette for deg sjølv. Derfor er det eit vanskeleg val. Det er berre du aleine. Hjelpa er kanskje ikkje til hjelp – du blir berre meir forvirra.
Det gjelder i alle fall for meg. Eg heiter Julie, er 15 år, og går siste året på NNN skole. I februar el. mars må eg velje kva eg vil te neste år. Problemet mitt er ikkje karakterane, men mogelegheita. Eg har stort sett karakterar til det eg vil, trur eg, men kva vil eg? Eg har ikkje den fjernaste aning. Ikkje ein idé om kva eg vil bli av yrke. Eg kan ikkje sjå for meg sjølve som ein lege, i kvit legefrakk og briller. Eg kan heller ikkje tenke meg å vere ein velkledd, punktlig og formell advokat. På same måte er det med læraryrket. Eg har alltid sagt til meg sjølv at eg ikkje skal bli lærar. Eg vil ikkje ende opp som ein av dei tørrvittige, overivrige lærarane. Eller som ein av dei med rar klednad. Men kva vil eg? Er det slik at dei som ikkje veit kva dei vil, ender opp som lærarar?
Dei råder oss til å følgje interessene våre. Eg er blant anna interessert i IKT og språk. Ikten leder meg til Media og kommunikasjon, språk leder meg til Studiespesialisering. Noko å ta omsyn til er dørar. Opne og lukka dørar. Vel eg Studiespesialisering har eg fortsett alle dørar opne, og har mogelegskapen til å studere vidare. Går eg Media og kommunikasjon lukker eg eit par dørar. Da må eg antakeleg vis arbeide med reklame el. Noko anna innafor media. Eg ville lika det, men media kan jo kombinerast med andre yrker.
Vi har alle ein draum. Nokon har ein stor, andre mange små. Eg har ein stor. Ein draum. Eller eit slags håp. Målet er å kome seg til England. Bo der. Arbeide der. Kvifor eg er så begeistra for England veit eg ikkje. Har berre alltid vore det. Del 1 av draumen kan oppfyllas i nærmaste framtid. Eg håper eg kan tene nok pengar til å ha eit utvekslingsår i Manchester eller Oxford. Dei fleste som reiser til utlandet drar 2. Året på vidaregåande. Det er ikkje lenge til! Eg veit ikkje om eg er moden nok til å klare det, til å reise aleine utan familien, om berre eit og eit halvt år, men eg tenker som så; er eg ikkje moden da, så blir eg det i løpet av året.
Som lita visste eg heller ikkje kva eg ville bli. Dei andre jentene ville bli enten dyrlege eller frisør. Kanskje dei vart påverka av kvarandre, eg veit ikkje, men eg trur ikkje nokon av dei vil bli det no lenger. Eg var den usikre, trakk berre på skuldra om dei spurde meg. Dyrlege ville eg ikkje, med tanke på å kutte i dyr og sjå masse blod. Frisør var heller ikkje aktuelt, for eg klarte jo ikkje å flette!
Så kva ender eg opp med? Kva skal eg vele? Foreløpig veit eg ikkje. Ikkje enda. Eg står i mellom to heilt forskjellige val: studiespesialisering som er teoretisk og media og kommunikasjon som er praktisk. Dilemma. Men som ei jente sa til meg ei gang: eg har berre ikkje funne inspirasjonskjelda enno. Eg håpar eg finn han snart.
- Julie Egeland